mandag 24. januar 2011

Sveisen sak.

Etter nokre, kanskje tjue, skot med halvslappe ladningar med .44 magnumen tok sjølvanvisaren kvelden. Det var sjølvsagt sveisane som rauk. Då senterplata gjorde eit rundkast og la til skogs hadde òg den eine øyra på hengsla tatt kvelden. Vonbroten, men ikkje veldig overraska gjekk eg heim frå skyteøkta med den kaputte sjølvanvisaren i nevene.

Eg vurderte eit lite augeblikk å tilkalle sveisehjelp, men i det eg ankom husfliden var alle slike syndige tankar borte. Vinkelslparen fjerna gammel sveis der brudda var, samt at eg skar opp sveisen på det som var igjen av hengsla for å kunne legge på ein ny. Lakk ble òg slipa vekk der eg skulle sveise for å unngå gassar samt ureinheiter i sveisen.

Sveisekurs ønskes.

Prøvesveising anser eg som særdeles feminint, so denslags held eg ikkje på med. Eg fyra opp det gamle likestrømsapparatet og satte i gang. Dei elektrodane eg hadde for handa var fortsatt ikkje idéelle for formålet, men i håp om at det skulle halde vart stømstyrka justert opp for å få betre innsmelting.

Fortsatt ikkje bra, men litt betre.
Heller ikkje no var sveisen super, men innsmeltinga var betre og den burde i alle fall halde litt meir. Eg får heller sjå om eg får kloa i nokre betre egna elektrodar til neste gong det skal sveises sjølvanvisar.

Nokre dagar etter reparasjonen vart sjølvanvisaren nok ein gang tatt med på bana for testing. Etter rundt hundre skot med ein feltlada .38 spec. samt nokre hundre .44 mag. av varierande kraft held den fortsatt sammen. Det har dog dukka opp ei millimeterlang hårtynn sprekke i sveisen der senterplata er festa. Eg reknar med det held ei lita stund til, men den kjem nok til å ryke igjen. Når den dagen kjem skal eg atter stå klar med sveiseapparat og friskt mot.

mandag 17. januar 2011

Låsekuler.

Ein kompis av meg har ein revolver som han brukar til feltskyting. Det er ein S&W mod.10 som Børselars har montert tung pipe og aristocratskinne på. Det einaste som manglar er låsing i framkant av tønna. Slik var i alle fall status før jul. No har den fått montert kuler i "cranen", og låser rett so bra.


Fortsatt jomfrueleg.


Først demonterte vi tønna og dro ut stålet som skulle til pers. Cranen ble målt og oppmerka slik at hola havna på rett plass. Det er ikkje so veldig mykje gods å gå på, so om ikkje oppmerkinga er nokon lunde rett risikerar ein at boret får ein uventa tur ut i friluft - og det vil vi jo ikkje ha noko av. Når ein har kun eit forsøk er det greit at det blir bra med det same.


Oppmerksom.


Kompisen ville ha tre kuler, og då vart det slik. Oppmerkinga vart gjort med skyvelære og rissenål, og det ble satt eit lite kjølnemerke i kvart punkt. Eg var litt uheldig med det eine kjølnemerket og det vart ein del knot i håp om å få det attende på rett plass igjen. Oppspenninga var litt meir solid enn på biletet då kjølnemerka vart slått, men eg kan vel ikkje røpe alle hemmelegheiter, eller kva?


 
Ikkje akkurat djupholsboring.


Stikka vart spent opp i bormaskina og snart skulle det bores. Kulene eg brukar er Ø3,2 so vi valgte ein bor med samme diameter som kulene. Som regel blir hola nokre hundredelar større enn boret, og det burde være nok klaring for at kulene skulle kunne bevege seg fritt. Kjølnaren vart spent opp i chucken på bormaskina og denne ble sentrert i det første kjølnemerket. Deretter fekk Ø3,2-boret ein svingom ned i stålet. Vi brydde oss ikkje med å måle opp eller rekne ut holdjubda, men tok litt etter litt til vi fekk plass til å slå i kulene. Etter at det første holet var A-OK låste vi djubdestoppen på bormaskina og repeterte sentrering og boring av dei to neste.


Tre hol klar for kuleisetting.


Etter boring var det bare å stake i kulene. Dei låses på plass ved at ein stukar toppen av holet til ein mindre diameter enn kula. Dette er fort gjort og lett som ein leik.


Eg fekk betalt i frimerker og pepperkaker.


Etter at kulene hadde kommet i gjensto det å slipe fordjupningar i ramma som kulene låste i. Ein luftslipar med ei 4mm diamantkule vart den heldige som fekk bli med på jobben. For å finne ut kvar fordjupningane skulle ligge brukte vi merkefarge og vårt trufaste falkeblikk.


Montert og klar til bruk.


Som de ser vart ikkje kulene heilt på rekke. Holet i senter, som eg rota litt med då vi merka opp, havna ikkje heilt der det skulle. Sjølv om det ikkje er meir enn ein eller to tiendels millimeter vises det veldig godt. Hadde vi gått for to kunne kunne vi bomma med langt meir utan at det hadde blitt synleg. Men låser dei godt? Alldeles.


Uorden i rekkene.


Sidan kulene ikkje var heilt på rekke endte heller ikkje dei slipa fordjupningane opp snorbeint. Her var det viktigare at kvar enkelt kule låser godt i fordjupninga si enn det estetiske. Merkefarga vises godt på det nederste biletet. Det blir nok ein omgang med kladblånering etter kvart, men først skal den brukes ein del slik at vi er sikre på at alle kulene låser slik dei skal.


Kuler må ha matchende fordjupningar i ramma.

torsdag 6. januar 2011

Eg trur eg må LEE.

Dei siste månadane har eg vore på utkikk etter ei kuletang for å støype tunge kuler til .357-revolveren. Ei tang som gir 180-200gr er heilt super for ladningar til mag-1. Sidan Lee ikkje leverer tyngre enn 158gr og butikkpris på ståltenger er langt frå studentvennleg har eg tråla eBay etter brukte tenger i passe vekt. Men so langt har eg ikkje hatt hellet med meg.

Eg puslar altså litt med kulestøyping. Eg puslar jo òg litt med ei søylebormaskin. Kva er då meir naturleg enn å kombinere desse og justere litt på ei tang eg har liggande? Av uvisse grunner hadde eg to Lee tohullstenger for "148"gr wadcuttere. Eg har lenge tenkt at eg skulle sette fresen i den eine og korte den ned frå 3 til 2 smøreriller - frå "148"gr til 100-og nokre-få. Men no skulle altså tanga ende opp med å lage ei tyngre kule enn orginalt.

Sidan botnen av smørerillene måler 8,4mm i diameter valgte eg eit 8mm bor. Lengda på wadcutterkula er ca.15mm og eg har vegd kulene til 152-153gr ferdig smurt. Eg spente opp tanga i maskinstikka og retta den inn so godt eg greide. Røft rekna bør den havne på omtrentleg 200gr om eg borar 5mm med full diameter med Ø8 boret. Som sagt so gjort, aluminiumsspona kom krypende opp langs boret og plutseleg sat eg med ei tang som burde gi meg kuler i passende vektklasse.

Orginal LEE-tang for 148gr wadcutter.

ACME-versjon. Ny og forbetra. Håpar eg.


Tanga var litt shabby, og det hadde blitt litt rivingar mellom kutteplata og aluminiumen. Det er heller ikkje alltid like lett å få den til å lukke skikkeleg. So medan eg likevel holdt på nytta eg òg anledninga til å pusse litt på flatene mellom kutteplate og tang. Eg brukte ein luftslipar med 2" slipeskive for alu. Med slikt verktøy er det skummelt lett å pusse ujamnt og å ta litt for mykje på kritiske plassar, men det går fint om ein tek seg tid og er litt påpasseleg.


Puss och kjærleik.


Eg fyra opp blygryta og støpte ein handfull kuler - lange, blake og fine. Kulene ble deretter tatt med for å helse på min kjære Lyman 450. Etter smøring og sizing, samt ein lag med flytende alox vegde kulene i snitt 198gr. Avviket var ikkje større enn for dei orginale wadcutterene, rundt +/- 1gr og det er jammen bra nok i første omgang. Rapport frå testskytinga kjem ved ei anna anledning.

onsdag 5. januar 2011

Sjølvanvisar.

Platebiter, klare for bearbeiding.

Ein av dagane denne romjula vart satt av til å lage ein sjølvanvisar. Den skal ha ytter- og innertreff og den må være solid nok til å tåle ein del juling frå ymse handvåpen - frå .22 til 454 Casull. Ytterplata skal henges opp med kjetting og innerplata skal hengsles til den ytre. Emner ble hamstra og alt var klart til å sette i gang. Tanken var å bruke 4418-plata på bildet over som ytterplate, men den gjekk desverre ikkje i chucken på dreiebenken, so den blir skåna enn so lenge.

Arbeidsteikninger for prosjektet finnes kun i tankeform. Eg så for meg omtrent korleis eg ville at resultetet skulle bli. Ellers ble målsetting og dimensjonering til undervegs. Dette er ikkje akkurat rakettvitenskap. Ein stålblink som skal henge i kjetting fungerar so lenge den greier minimumskravet - å henge i ein kjetting.

Plata er oppspent i benken, klar for utboring.

Emnet for ytterplata ble spent opp i dreiebenken og eit hol ble bora, slik at eg kunne dreie ut innvendig diameter til ønska mål.

Boring av hol i plateemnet.

Eg sleit litt med at benken var særdeles ustabil og at skjæret ikkje var sentrert, men til slutt var eg då ute på ein diameter eg kunnne leve med. Eg fant eit passende flattstål i ruskehaugen på verkstedet og det fikk æra av å supplere RF-platene. Det hadde kanskje vore meir hensiktsmessig å lage alt i RF, men eg hadde desverre ikkje anna egna flattsål tilgjengelig, so då måtte fanden nøye seg med fluer.

Alt som trengs av stål. RF og "R" i fargerikt felleskap.

Flattstålet ble kappa i passende lengder med vinkelsliper og alle skarpe kanter ble avgrada. HMS er viktig, sjølv for slike små hobbyprosjekt.

Så tok eg til med den delen av prosjektet eg såg mørkast på; sveising. Eg er ikkje akkurat verdens beste sveisar og trives difor langt betre foran ein dreiebenk enn bak eit sveiseapparat. Det hjelp heller ikkje på at utvalget av elektrodar i hylla ikkje er det beste. Som dykk ser er ikkje sveisane heilt patente, men forhåpentlegvis held dei. Eg starta med å sveise fast eit flattstål til innerplata og to flatstålbitar på ytterplata. Flatstålet som ble festa i innerplata ble fekk eit hol i enden før sveising, medan stålbitane på ytterplata ble bora etter sveisinga for at eg skulle være sikker på at holet endte opp på rett plass og innerplata ble hengende rett i forhold til ytterplata.

Finn ein (sveise)feil.

Samboring utført og bolt prøvemontert.

Senterplata dekker holet i ytterplata.

Etter at hengsla for innnerplata var kommet på rett plass, var prøvemontert og godkjent var det dags for å sveise på festepunkta for kjettingen. Stålbitane ble bora og slipa før sveising. Plassering ble gjort på augemål. Med litt knot, klabb og knøling endte dei opp sånn passe skjeivt i forhold til hengsla - som heller ikkje er beint påsveisa på nokon som helst måte. Kjære nissen: Til neste jul ønsker eg meg sentrumsvinkel.

Feste for oppheng påsveisa.

Ferdig sveisa og montert for å skjekke om den heng rett og fungerar slik den bør. Stålblinken skal henge litt skrått slik at rikosjetter går i bakken og at innerblinken legg seg inntil ytterplata.

Sveising og sliping utført - klar for prøvehenging.



Drumroll...



Hengsla for senterplata dekkes ikkje av ytterplata.

Festet for kjettingen havna visst litt for langt bak, so skråinga vart i overkant stor. Eg vurderte å sveise på ei vekt (AKA ein passeleg stor stålklump) nederst på baksida av ytterringen for at den skulle rette seg opp, samt at massen i ringen ville bli større slik at treff i ytterplata ville gi mindre sving i blinken.

(Den "kjettingen" eg brukar her er kun for å teste korleis den heng. Eg skal sjå om eg får kloa i litt meir solide saker når den skal henges opp for ilddåp).

Plata heng i overkant skrått.

...men eg ombestemte meg og korta inn festepunkta i staden. Eit raskt lite kutt med vinkelsliparen og ein liten sving med sveiseapparatet og vips, so var det gjort. Trur de jammen ikkje at det gamle likestrømsapparatet begynte å oppføre seg òg. Dog, eg trur det skal nokre meter med sveisefuge til før vi har blitt bestevenner.

Nye ophengingsfester påsveisa. Jammen ble ikkje sveisen finare òg.

Kortinga av augene for oppheng gjorde at blinken heng rett so bra. Fortsatt ganske skrått, men hengsla stikk no ikkje utom ytterplata.

Hengsla vises ikkje lengre når ein ser blinken forfra.

No gjenstår det berre å teste den for å sjå om den oppfører seg greit og gir forskjellig respons på inner og yttertreff med både .22 og .454. Fortsettelse følger..

tirsdag 4. januar 2011

Blogg.

Blogg? Dette er altså ein blogg om meg, hobbyar, tanker, ting och tang. Den hobbyen som skal få oppmerksomheit her er jakt, skyting og våpen. Primært er det skruing og mekking av utstyr som blir temaet her, men det er mulig at eg lurer inn ein liten jaktrapport eller ei oppdatering frå skytebana.

Eg skyt mest med pistol, men har det siste halvanna året hatt ein pause grunna at eg forlot arbeidslivet til fordel for nokre år med studier. Rifle har eg aldri skote aktivt i organisert form, men det blir som regel nokre turar på skytebana for rekreasjon og jakttrening. Hagla blir for tida kun avfyrt på jakt.

Det er tvilsomt at denne bloggen blir oppdatert veldig ofte, men eg har gjort litt småplukk i jula som eg kjem til å legge ut her litt etter kvart.

Eg gledar meg, dette blir gøy.