mandag 24. januar 2011

Sveisen sak.

Etter nokre, kanskje tjue, skot med halvslappe ladningar med .44 magnumen tok sjølvanvisaren kvelden. Det var sjølvsagt sveisane som rauk. Då senterplata gjorde eit rundkast og la til skogs hadde òg den eine øyra på hengsla tatt kvelden. Vonbroten, men ikkje veldig overraska gjekk eg heim frå skyteøkta med den kaputte sjølvanvisaren i nevene.

Eg vurderte eit lite augeblikk å tilkalle sveisehjelp, men i det eg ankom husfliden var alle slike syndige tankar borte. Vinkelslparen fjerna gammel sveis der brudda var, samt at eg skar opp sveisen på det som var igjen av hengsla for å kunne legge på ein ny. Lakk ble òg slipa vekk der eg skulle sveise for å unngå gassar samt ureinheiter i sveisen.

Sveisekurs ønskes.

Prøvesveising anser eg som særdeles feminint, so denslags held eg ikkje på med. Eg fyra opp det gamle likestrømsapparatet og satte i gang. Dei elektrodane eg hadde for handa var fortsatt ikkje idéelle for formålet, men i håp om at det skulle halde vart stømstyrka justert opp for å få betre innsmelting.

Fortsatt ikkje bra, men litt betre.
Heller ikkje no var sveisen super, men innsmeltinga var betre og den burde i alle fall halde litt meir. Eg får heller sjå om eg får kloa i nokre betre egna elektrodar til neste gong det skal sveises sjølvanvisar.

Nokre dagar etter reparasjonen vart sjølvanvisaren nok ein gang tatt med på bana for testing. Etter rundt hundre skot med ein feltlada .38 spec. samt nokre hundre .44 mag. av varierande kraft held den fortsatt sammen. Det har dog dukka opp ei millimeterlang hårtynn sprekke i sveisen der senterplata er festa. Eg reknar med det held ei lita stund til, men den kjem nok til å ryke igjen. Når den dagen kjem skal eg atter stå klar med sveiseapparat og friskt mot.

2 kommentarer:

  1. Sveisinga hadde vel fått en lærer til å ville inneføre tung tukting igjen.

    SvarSlett
  2. Jepp. Det nevnas at eg ikkje har rørt eit sveiseapparat på 6-7 år - det er lasta med å kjenne gode sveisere. Men det blir vel med litt øving.

    SvarSlett