onsdag 21. september 2011

Tegning, form og fres.

For moro skuld har eg laga ein enkel modell av korleis eg simplast mogleg kan lage ein ein kopieringsfres. Eg gjorde det meir for å få i gang prosjekttenkinga enn som eit endeleg teikningsgrunnlag. Men eg er ganske sikker på at det skal gå å lage ein brukbar kopieringsfres med få og enkle delar.



På modellen har eg teikna maskinerte koplingar mellom tverrsleiden og den langsgåande sleiden, medan det er ein sveisa forbindelse mellom tverrsleiden og staga for verktøyholdar og "følaren". Kva som er lurast, best og mest fornuftig kjem nok an på kva verkstad som får æra av å huse prosjektet, men det blir nok uansett minst arbeid å lage alle slike koplingar like.

Som vangar går det å bruke akslingbitar av passende dimensjon, eventuelt rør. Slikt kjem litt an på dimensjonering og kva herren har for haanden. Glidestykker lages av emnesrør med foringar i endane av PTFE, lagerbronse eller noko liknande for å kunne ha ei tett pasning og likevel liten friksjon. Som motorisering har eg ingen konkrete planer. Dersom fresen blir av grepsplatestørrelse her Biltema ei heilt OK roterende fil til eit par hundrelapper, so det burde vore førstevalget.. Men den kompressoren som står på heimgarden er fire hakk for liten til å dra slike verktøy meir enn nokre tisekund av gongen. Spørsmålet er vel om eg skal velge motor ut frå størrelsen på fresen, eller omvendt.

tirsdag 6. september 2011

I have a dream.

I eit øyeblikk av sjølvinnsikt innsåg eg nettopp at eg ikkje blir lykkeleg før eg får meg ein kopieringsfres.



Prinsippet for slike maskiner er jo veldig enkelt, so det bør ikkje være veldig vanskeleg å lage ei sjølv. Kanskje eg skal prøve å lage ein liten dremeldrevet kjøkkenversjon for å frese grepsplater?

mandag 5. september 2011

Frankofil.

Neste post på programmet for at Uniquen skal bli spesialpistol er å få på plass nye sikter. Det sto igjen ein liten del av det originale sporet for forsiktet, so det burde ikkje by på nevneverdige problem å korte ned det originale siktet tilsvarende.




Med friskt mot og ei lita fil tok eg til å forme forsiktet etter først å ha grovbeskjært det med skjærfila. Bildet viser eit vagt tusjstrek rundt den tiltenkte forma. Det originale forsiktet vart etter kvart både pent og nett, so det gjensto kun å få på plass baksiktet. Opprinneleg var plana at eg skulle snike til meg litt tid i ein fres hos ein tidlegare arbeidsgivar, men utålmodigheita tok overhand. LPA-siktet skulle på plass sporenstreks, og fil var igjen det foretrukne verktøyet. Etter å ha målt opp kvar sporet burde havne saga eg ned til full djubde med skjærfila, bredda mellom ytterkant kutta var nokre tidelar mindre enn den smalaste delen av svalehalen på siktet. Deretter ble sporet utvida med ei trekanta nålfil. Det heile gjekk igrunn sabla greit og etter litt finpuss sat siktet i sporet med ei passe presspasning. (Bilde av montert baksikte kjem etter kvart)




Det dukka imidlertid opp to skjær i sjøen. Det første var at baksiktet vart skjevt om løpsaksen, det heile hallar altså litt til venstre. I kampens hete ha eg ikkje lagt merke til dette, men etter at siktet var presa på plass og eg fornøgd beundra verket med å sikte på låveveggen oppdaga eg altså mine synder. Det heile var forferdeleg bittert helit til eg monterte framsiktet òg. Det viste seg at forsiktet òg var skjevt - akkurat like skjevt som baksiktet. Det er veldig hyggeleg at tings iboende faenskap av og til køddar det til for seg sjølv. Men over til det andre skjæret i sjøen. Det originale forsiktet var ein tanke for lavt til baksiktet. Eg skulle uansett ta av litt på høgda på baksiktet, men det var likevel ikkje heilt bra. Men eg hadde jo allerede ei fil og skrustikke innanfor rekkevidde, løsninga ble å file eit nytt og høgare framsikte av eit passende flatstål.




Blånering av det nye forsiktet utgjekk med høge kneløft sidan det uansett skulle grisas til med sotespray. Om våpenet nokon gong blir heilt ferdig skal eg vurdere å koste på det eit blåneringsbad, men alt til si tid.