torsdag 16. juni 2011

Anatomi til monotoni.

Trur de jammen ikkje at eg fekk ein liten time til overs i dag òg. Den vart nytta til saging og filing på den forlegne franske frøkena. Målet for gnikkinga var å få vekk litt treverk, slik at min kjære nærmar seg målet for slankekuren: Spesialpistolkassa.


Det digre anatomiske grepet er, som de alle skjønnar, alt for stort til å passe i kassa. Men med litt avsponing skal det ikkje være langt unna at det blir fullt brukbart, i alle fall fram til eg orkar å lage eit nytt frå botnen av.


Med sag og fil gjekk eg laus på det meste av overflødig treverk. Eg starta med å sage vekk alt som stakk utanfor pistolramma, samt bakover der baksiktet eingong var. Deretter var det bare å gje laust med fila for å fjerne alle konturar og jåleri som er overflødig på ein nett liten lommepistol. Eg lot det stå igjen rikeleg "pussemonn" for å kunne justere litt på forma etter at eg har testa den, dette blir fjerna når løp og beverhale er ferdig tilpassa målekassa.


Grepet, som det er på det øverste bildet, veg 90 gram. Etter grovfiling veg grepet 46 gram. Eg har altså fjerna omtrent halvparten av massen. Nokre gram blir nok fjerna etterkvart som grepet blir tilpassa hand og kasse, men oljing og overflatebehandling vil nok legge til litt igjen. Det er uansett lettare enn orginalgrepet.


Neste post på programmet blir nok å tilpasse LPA-siktet til sleida og korte ned det orginale baksiktet. Eg skulle gjerne hatt tilgang til ein fres for å gjere dette, men om det ikkje løyser seg med det første er det mogleg eg tek fila fatt - igjen.

Memo til meg sjølv: Kveldssol OG glødepære gjer ikkje kvitbalansen til da shit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar