torsdag 16. juni 2011

Unik AKA Unique

Tidlegare i år kjøpte eg ein god gammal Unique "DES-69". Tanken bak kjøpet var å frisere den nok til at den passa ned i ei eske på 185x125x35mm. Jada, Uniquen skal bli spesialpistol. I alle fall ein spesiell pistol. Aller helst begge deler. Orginalt er det jo ein heilt grei konkurransepistol, med anatomisk grep, langt løp, løpslodd, bla, bla, bla... Men innerst inne er det ei snerta lita fransk frøken som gjerne bør bekles litt lettare.

Plana er å kappe av det orginale baksiktet, samt ein del av løpet. Nytt baksikte tilpasses og festes til sleida, pluss at nye grepsplater må til. Eventuelt so skaver eg av dei orginale slik at den passar på bredda. Time will show, som det heiter i utlandet.



Uansett, no har eg manna meg opp til å sette fila i den, litt utan mål og meining, mest for å finne ut om korleis prosjektet ligg an vektmessig. Etter å ha kappa løp og baksikte klokkar pistolen inn på gode 850g med orginale grepsplater og nytt baksikte. Det må seias å være meir enn lett nok.


Memo til meg sjølv: Kvitbalanse is da shit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar