onsdag 21. september 2011

Tegning, form og fres.

For moro skuld har eg laga ein enkel modell av korleis eg simplast mogleg kan lage ein ein kopieringsfres. Eg gjorde det meir for å få i gang prosjekttenkinga enn som eit endeleg teikningsgrunnlag. Men eg er ganske sikker på at det skal gå å lage ein brukbar kopieringsfres med få og enkle delar.



På modellen har eg teikna maskinerte koplingar mellom tverrsleiden og den langsgåande sleiden, medan det er ein sveisa forbindelse mellom tverrsleiden og staga for verktøyholdar og "følaren". Kva som er lurast, best og mest fornuftig kjem nok an på kva verkstad som får æra av å huse prosjektet, men det blir nok uansett minst arbeid å lage alle slike koplingar like.

Som vangar går det å bruke akslingbitar av passende dimensjon, eventuelt rør. Slikt kjem litt an på dimensjonering og kva herren har for haanden. Glidestykker lages av emnesrør med foringar i endane av PTFE, lagerbronse eller noko liknande for å kunne ha ei tett pasning og likevel liten friksjon. Som motorisering har eg ingen konkrete planer. Dersom fresen blir av grepsplatestørrelse her Biltema ei heilt OK roterende fil til eit par hundrelapper, so det burde vore førstevalget.. Men den kompressoren som står på heimgarden er fire hakk for liten til å dra slike verktøy meir enn nokre tisekund av gongen. Spørsmålet er vel om eg skal velge motor ut frå størrelsen på fresen, eller omvendt.

tirsdag 6. september 2011

I have a dream.

I eit øyeblikk av sjølvinnsikt innsåg eg nettopp at eg ikkje blir lykkeleg før eg får meg ein kopieringsfres.



Prinsippet for slike maskiner er jo veldig enkelt, so det bør ikkje være veldig vanskeleg å lage ei sjølv. Kanskje eg skal prøve å lage ein liten dremeldrevet kjøkkenversjon for å frese grepsplater?

mandag 5. september 2011

Frankofil.

Neste post på programmet for at Uniquen skal bli spesialpistol er å få på plass nye sikter. Det sto igjen ein liten del av det originale sporet for forsiktet, so det burde ikkje by på nevneverdige problem å korte ned det originale siktet tilsvarende.




Med friskt mot og ei lita fil tok eg til å forme forsiktet etter først å ha grovbeskjært det med skjærfila. Bildet viser eit vagt tusjstrek rundt den tiltenkte forma. Det originale forsiktet vart etter kvart både pent og nett, so det gjensto kun å få på plass baksiktet. Opprinneleg var plana at eg skulle snike til meg litt tid i ein fres hos ein tidlegare arbeidsgivar, men utålmodigheita tok overhand. LPA-siktet skulle på plass sporenstreks, og fil var igjen det foretrukne verktøyet. Etter å ha målt opp kvar sporet burde havne saga eg ned til full djubde med skjærfila, bredda mellom ytterkant kutta var nokre tidelar mindre enn den smalaste delen av svalehalen på siktet. Deretter ble sporet utvida med ei trekanta nålfil. Det heile gjekk igrunn sabla greit og etter litt finpuss sat siktet i sporet med ei passe presspasning. (Bilde av montert baksikte kjem etter kvart)




Det dukka imidlertid opp to skjær i sjøen. Det første var at baksiktet vart skjevt om løpsaksen, det heile hallar altså litt til venstre. I kampens hete ha eg ikkje lagt merke til dette, men etter at siktet var presa på plass og eg fornøgd beundra verket med å sikte på låveveggen oppdaga eg altså mine synder. Det heile var forferdeleg bittert helit til eg monterte framsiktet òg. Det viste seg at forsiktet òg var skjevt - akkurat like skjevt som baksiktet. Det er veldig hyggeleg at tings iboende faenskap av og til køddar det til for seg sjølv. Men over til det andre skjæret i sjøen. Det originale forsiktet var ein tanke for lavt til baksiktet. Eg skulle uansett ta av litt på høgda på baksiktet, men det var likevel ikkje heilt bra. Men eg hadde jo allerede ei fil og skrustikke innanfor rekkevidde, løsninga ble å file eit nytt og høgare framsikte av eit passende flatstål.




Blånering av det nye forsiktet utgjekk med høge kneløft sidan det uansett skulle grisas til med sotespray. Om våpenet nokon gong blir heilt ferdig skal eg vurdere å koste på det eit blåneringsbad, men alt til si tid.

torsdag 16. juni 2011

Anatomi til monotoni.

Trur de jammen ikkje at eg fekk ein liten time til overs i dag òg. Den vart nytta til saging og filing på den forlegne franske frøkena. Målet for gnikkinga var å få vekk litt treverk, slik at min kjære nærmar seg målet for slankekuren: Spesialpistolkassa.


Det digre anatomiske grepet er, som de alle skjønnar, alt for stort til å passe i kassa. Men med litt avsponing skal det ikkje være langt unna at det blir fullt brukbart, i alle fall fram til eg orkar å lage eit nytt frå botnen av.


Med sag og fil gjekk eg laus på det meste av overflødig treverk. Eg starta med å sage vekk alt som stakk utanfor pistolramma, samt bakover der baksiktet eingong var. Deretter var det bare å gje laust med fila for å fjerne alle konturar og jåleri som er overflødig på ein nett liten lommepistol. Eg lot det stå igjen rikeleg "pussemonn" for å kunne justere litt på forma etter at eg har testa den, dette blir fjerna når løp og beverhale er ferdig tilpassa målekassa.


Grepet, som det er på det øverste bildet, veg 90 gram. Etter grovfiling veg grepet 46 gram. Eg har altså fjerna omtrent halvparten av massen. Nokre gram blir nok fjerna etterkvart som grepet blir tilpassa hand og kasse, men oljing og overflatebehandling vil nok legge til litt igjen. Det er uansett lettare enn orginalgrepet.


Neste post på programmet blir nok å tilpasse LPA-siktet til sleida og korte ned det orginale baksiktet. Eg skulle gjerne hatt tilgang til ein fres for å gjere dette, men om det ikkje løyser seg med det første er det mogleg eg tek fila fatt - igjen.

Memo til meg sjølv: Kveldssol OG glødepære gjer ikkje kvitbalansen til da shit.

Unik AKA Unique

Tidlegare i år kjøpte eg ein god gammal Unique "DES-69". Tanken bak kjøpet var å frisere den nok til at den passa ned i ei eske på 185x125x35mm. Jada, Uniquen skal bli spesialpistol. I alle fall ein spesiell pistol. Aller helst begge deler. Orginalt er det jo ein heilt grei konkurransepistol, med anatomisk grep, langt løp, løpslodd, bla, bla, bla... Men innerst inne er det ei snerta lita fransk frøken som gjerne bør bekles litt lettare.

Plana er å kappe av det orginale baksiktet, samt ein del av løpet. Nytt baksikte tilpasses og festes til sleida, pluss at nye grepsplater må til. Eventuelt so skaver eg av dei orginale slik at den passar på bredda. Time will show, som det heiter i utlandet.



Uansett, no har eg manna meg opp til å sette fila i den, litt utan mål og meining, mest for å finne ut om korleis prosjektet ligg an vektmessig. Etter å ha kappa løp og baksikte klokkar pistolen inn på gode 850g med orginale grepsplater og nytt baksikte. Det må seias å være meir enn lett nok.


Memo til meg sjølv: Kvitbalanse is da shit.

lørdag 7. mai 2011

Skytebenk

Det skal ha seg slik at eg i lang tid har hatt lyst på ein passende skytebenk for benchrest-leik og presisjonstesting av vaaben og ammunisjon. Fleire alternative design har blitt klekka ut og nokre har til og med blitt påbegynt. Eg eit sett føtter og ein komplett for for portable versjonar av arten. Dei har dog ikkje blitt ferdigstilte, enda. Men nok om det. Det kom nemleg ein dag då eg hadde lite å finne på og dermed ble det påbegynt nok ein ny skytebenk. Denne gangen var plana å lage den solid og tungt, men nødvendigvis ikkje umobilt - vi har nemleg traktor her på bygda.

Den første dagen av prosjektet vart forskaling til betongplata konstruert og kappa. Litt research måtte eg gjere for å finne passende størrelse på bordet. Eg endte på ei bredde på 1000 og ei lengde på 1250. Tjukkelsen på plata er 4", omtrentleg i alle fall.

Beina vart òg kappa den første kvelden. Lengda på dei vart 850, og dei skal stikke omtrent midt inn i tjukkelsen på plata. Total høgd blir dermed 900. Det skal forhåpentlegvis bli akkurat passe.

Eit par dagar etter fekk eg hjelp av ein skytterkompanjong. Det er alltid greit å ha ein medskuldig når ein skal gjennomføre eit prosjekt, i tilfelle skyld må tildeles kreativt om noko går galt. Det nevnas òg at min medskuldige i dette tilfellet er ein meget habil sveisar, i motsetning til.. Nok om det.


Med ein habil sveisar som kompanjong er altså arbeidsfordelinga enkel. Eg vart raskt degradert til motivator og håndlanger, medan han hekta sammen fotar og rammeverk.




I tillegg til spilene som var fastsveisa i bordbeina la vi litt armeringsmatte i plata, for å være sikker på at den holdt sammen.


Oppskrifta var altså: Bøtt på med masse til forskalinga er halvfull, legg i armeringsmatta og deretter bordbeina. Fyll opp med masse og stryk av. Beina vart endeleg retta opp etter at massen kom på, men før siste finish.

Bordet har blitt testa og prøvd. Bilder og rapport kjem muligens ved ei anna anledning.

torsdag 5. mai 2011

Knivblad

For nokre veker sidan fekk eg fyr i feltessa som står her på garden. Det resulterte visst i eit knivblad og ei tang. Knivbladet har innlagt eggstål men er ellers kanskje ikkje mykje å skryte av. Forma på det var "so där", men det blir forhåpentlegvis greit nok når eg får slipa og herda det. Det blir uansett ikkje herding før eg har eit par knivblad til klare. Og det er der smitanga kjem inn i bildet. Den er laga for å halde knivblad medan eg smir ut tanga på bladet og denslags. Eg har sovidt prøvd den på eit nytt knivblad og den ser ut til å fungere greit. Det er uansett ikkje krise om den ikkje er tipp-topp, den største motivasjonen for å bake ut ei tang var å få smiinga litt inn i hendene.


Smiing er uansett veldig kjekt, so eg håpar eg får tid til meir leik i essa i tida som kjem.