torsdag 6. januar 2011

Eg trur eg må LEE.

Dei siste månadane har eg vore på utkikk etter ei kuletang for å støype tunge kuler til .357-revolveren. Ei tang som gir 180-200gr er heilt super for ladningar til mag-1. Sidan Lee ikkje leverer tyngre enn 158gr og butikkpris på ståltenger er langt frå studentvennleg har eg tråla eBay etter brukte tenger i passe vekt. Men so langt har eg ikkje hatt hellet med meg.

Eg puslar altså litt med kulestøyping. Eg puslar jo òg litt med ei søylebormaskin. Kva er då meir naturleg enn å kombinere desse og justere litt på ei tang eg har liggande? Av uvisse grunner hadde eg to Lee tohullstenger for "148"gr wadcuttere. Eg har lenge tenkt at eg skulle sette fresen i den eine og korte den ned frå 3 til 2 smøreriller - frå "148"gr til 100-og nokre-få. Men no skulle altså tanga ende opp med å lage ei tyngre kule enn orginalt.

Sidan botnen av smørerillene måler 8,4mm i diameter valgte eg eit 8mm bor. Lengda på wadcutterkula er ca.15mm og eg har vegd kulene til 152-153gr ferdig smurt. Eg spente opp tanga i maskinstikka og retta den inn so godt eg greide. Røft rekna bør den havne på omtrentleg 200gr om eg borar 5mm med full diameter med Ø8 boret. Som sagt so gjort, aluminiumsspona kom krypende opp langs boret og plutseleg sat eg med ei tang som burde gi meg kuler i passende vektklasse.

Orginal LEE-tang for 148gr wadcutter.

ACME-versjon. Ny og forbetra. Håpar eg.


Tanga var litt shabby, og det hadde blitt litt rivingar mellom kutteplata og aluminiumen. Det er heller ikkje alltid like lett å få den til å lukke skikkeleg. So medan eg likevel holdt på nytta eg òg anledninga til å pusse litt på flatene mellom kutteplate og tang. Eg brukte ein luftslipar med 2" slipeskive for alu. Med slikt verktøy er det skummelt lett å pusse ujamnt og å ta litt for mykje på kritiske plassar, men det går fint om ein tek seg tid og er litt påpasseleg.


Puss och kjærleik.


Eg fyra opp blygryta og støpte ein handfull kuler - lange, blake og fine. Kulene ble deretter tatt med for å helse på min kjære Lyman 450. Etter smøring og sizing, samt ein lag med flytende alox vegde kulene i snitt 198gr. Avviket var ikkje større enn for dei orginale wadcutterene, rundt +/- 1gr og det er jammen bra nok i første omgang. Rapport frå testskytinga kjem ved ei anna anledning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar