mandag 17. januar 2011

Låsekuler.

Ein kompis av meg har ein revolver som han brukar til feltskyting. Det er ein S&W mod.10 som Børselars har montert tung pipe og aristocratskinne på. Det einaste som manglar er låsing i framkant av tønna. Slik var i alle fall status før jul. No har den fått montert kuler i "cranen", og låser rett so bra.


Fortsatt jomfrueleg.


Først demonterte vi tønna og dro ut stålet som skulle til pers. Cranen ble målt og oppmerka slik at hola havna på rett plass. Det er ikkje so veldig mykje gods å gå på, so om ikkje oppmerkinga er nokon lunde rett risikerar ein at boret får ein uventa tur ut i friluft - og det vil vi jo ikkje ha noko av. Når ein har kun eit forsøk er det greit at det blir bra med det same.


Oppmerksom.


Kompisen ville ha tre kuler, og då vart det slik. Oppmerkinga vart gjort med skyvelære og rissenål, og det ble satt eit lite kjølnemerke i kvart punkt. Eg var litt uheldig med det eine kjølnemerket og det vart ein del knot i håp om å få det attende på rett plass igjen. Oppspenninga var litt meir solid enn på biletet då kjølnemerka vart slått, men eg kan vel ikkje røpe alle hemmelegheiter, eller kva?


 
Ikkje akkurat djupholsboring.


Stikka vart spent opp i bormaskina og snart skulle det bores. Kulene eg brukar er Ø3,2 so vi valgte ein bor med samme diameter som kulene. Som regel blir hola nokre hundredelar større enn boret, og det burde være nok klaring for at kulene skulle kunne bevege seg fritt. Kjølnaren vart spent opp i chucken på bormaskina og denne ble sentrert i det første kjølnemerket. Deretter fekk Ø3,2-boret ein svingom ned i stålet. Vi brydde oss ikkje med å måle opp eller rekne ut holdjubda, men tok litt etter litt til vi fekk plass til å slå i kulene. Etter at det første holet var A-OK låste vi djubdestoppen på bormaskina og repeterte sentrering og boring av dei to neste.


Tre hol klar for kuleisetting.


Etter boring var det bare å stake i kulene. Dei låses på plass ved at ein stukar toppen av holet til ein mindre diameter enn kula. Dette er fort gjort og lett som ein leik.


Eg fekk betalt i frimerker og pepperkaker.


Etter at kulene hadde kommet i gjensto det å slipe fordjupningar i ramma som kulene låste i. Ein luftslipar med ei 4mm diamantkule vart den heldige som fekk bli med på jobben. For å finne ut kvar fordjupningane skulle ligge brukte vi merkefarge og vårt trufaste falkeblikk.


Montert og klar til bruk.


Som de ser vart ikkje kulene heilt på rekke. Holet i senter, som eg rota litt med då vi merka opp, havna ikkje heilt der det skulle. Sjølv om det ikkje er meir enn ein eller to tiendels millimeter vises det veldig godt. Hadde vi gått for to kunne kunne vi bomma med langt meir utan at det hadde blitt synleg. Men låser dei godt? Alldeles.


Uorden i rekkene.


Sidan kulene ikkje var heilt på rekke endte heller ikkje dei slipa fordjupningane opp snorbeint. Her var det viktigare at kvar enkelt kule låser godt i fordjupninga si enn det estetiske. Merkefarga vises godt på det nederste biletet. Det blir nok ein omgang med kladblånering etter kvart, men først skal den brukes ein del slik at vi er sikre på at alle kulene låser slik dei skal.


Kuler må ha matchende fordjupningar i ramma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar